”På friarferd til fjorden er det andre av i alt tre program som for tida turnerer om bord på hardangerjakta S/J Mathilde i Sunnhordland og Kvinnherad. Det er fylkesmusikarane i Sogn og Fjordane og Hordaland som bokstaveleg tala er i I SAME BÅT med turnéprogramma: ”På friarferd til fjorden”, ”Med havdur i øyre” og ”På gyngande grunn”.
”PÅ FRIARFERD TIL FJORDEN”er ei musikalsk folkekomedie med regi av Torunn Ystaas. Tre staute karar, frå Nordfjord, indre og ytre Sogn har kome i kontakt med spanande kvinnelege kandidatar gjennom chatting på internett. No skal dei til fjorden for å fri og er komne om bord på den same båten. Men ingen av dei er klar over at dei skal møta den same jenta…..
MUSIKARANE, Reidun Horvei – song/kveding, Oddbjørn Ramstad - trekkspel, Vidar Underseth – hardingfele og Øyvind Lyslo - gitar har folkemusikk som sitt spesialområde og har tonar både frå Sunnhordland og Sogn og Fjordane på repertoaret.
Før konserten vil publikum få ein introduksjon om hardangerjakta av sjølvaste skipper Johan Aalvik og biletspelet NORDLANDSFARTEN av Randi Storaas tek dykk med på ein tur til Nord-Noreg på torskekjøp i 1920-åra!
Hardangerjakta S/J Mathilde vart bygd på slutten av 1800-talet og er aleine verdt eit besøk. Sjølv om båten no for det meste går med motorkraft, er skipet eit av dei aller best bevarte seglskutene i landet, og gjev oss glimt av den gamle fjord- og kystkulturen på si ferd langs fjorden. Konsertane med fylkesmusikarane føregår om bord i båten, og vi kan love ei tett og god stemning. Det er avgrensa plass om bord, så ver tidleg ute!
|
Måndag 7. april |
18:00 20:00 |
Leirvik, Stord Leirvik, Stord |
|
Tysdag 8. april |
12:00 19:30 |
Leirvik, Stord Leirvik, Stord |
|
Onsdag 9. april |
18:00 20:00 |
Innbjoa Innbjoa |
|
Torsdag 10. april |
18:00 |
Skånevik |
|
Fredag 11.april |
20:00 |
Sagvåg, Stord |
TURNEEN ER EIT SAMARBEID MELLOM
Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hardanger Museum.
Fotograf: Kay A. Berg
Design plakat, program: Lasse Berntzen Fuggibaggidesign