![]() |
Jakt, fiske og turdagane 11. - 13. april 2008 - Fritidsmesse med mangfald -
|
||||||||||
Takk til våre
Elgsponsor -
Rypesponsorar:
|
Informasjon til aktuelle utstillarar: Jakt, fiske og turdagane i Skånevik vert i 2008 arrangert for 5. gong. Besøkstala ligg på i underkant av 2000, men me har håp om å auke dette noko, bl.a. ved betre og meir målretta marknadsføring. På årets messe vil me utvida tema litt, og kallar messa ei fritidsmesse i staden for ei villmarksmesse. På denne måten kan me få inn utstillarar innan hytter, hage, matlaging, foto og andre fritidsinteresser, og dermed trekke nye publikumsgrupper. Me er kjend for å vera ei messe der utstillarane sel ein god del, fordi dei som kjem til messa er der for å handle... Men likevel er me ei roleg messe der folk har tid til å slå av ein prat og ete god mat. Me har og allsidige aktivitetar for heile familien og gode foredragshaldarar og biletvisingar i "Temagarasjen" vår. Fleire av våre faste utstillarar nyttar høve til å
ha det sosialt saman med arbeidskolegaer nettopp på denne messa.
Fredagskvelden er det humorkveld m/enkel servering på Skånevik Kultur-
og Idrettshall og laurdagskvelden er det Viltaften på Skånevik
Fjordhotell med fantastisk god mat!
Presentasjon av utstillarane 2006 Presentasjon av utstillarane 2007
Her kan du hente informasjon om reglane som gjeld for utstillarane ved messa i Skånevik i 2008. Profiler ditt selskap i eit triveleg miljø!
|
||||||||||
|
Kontakt oss: |
E-post: sk-idret@online.no |
Tlf. 53 75 53 40 Mob.977 67 585 |
Skånevik Idrettshall P.b. 71 5594 SKÅNEVIK |
||||||||