Takk til våre
sponsorar:
Elgsponsor - Hovudsponsor:

Rådyrsponsorar:

Rypesponsorar:




|
23.
- 25. mars 2007:
|
Her er noko av det du kunne få
med deg på messa i 2007: |
Gå til 2006
Gå til 2005
Gå
til 2004
|
|

- Spanande barneunderhaldning på
Sjørøvarøya, der nokon av piratane måtte gå planken... Sjå
video!

- Kokkekamp utandørs, vennskapleg kamp
mellom kokkar frå Fugl Fønix og Skånevik Fjordhotell
- Finnskogen Jakt- og Strengelag spela
og underhaldt fredag kveld
- Mange aktivitetar: natursti,
rebusløp, skyting, klatring, riding, fjellturar til
Nordfjell og Søljenibbo, spikring av fuglebrett
|

Foredrag og bilder i
Temagarasjen:
-
Arve Aarhus frå Norsk
Hjortesenter
-
Stig Tronvold viste
naturbilete
-
Øystein Bjørnsen fortel
frå ein tur Sør-Norge rundt med kajakk, sykkel, seilbåt og
ski.
-
Bilete frå Kilimanjaro
-
Etne Videoklubb viste
filmen "Naturglimt frå Etne"
-
Alf Inge Steindal held
foredrag om havfiske
|
| |
|
Grannar
(26.03.07)
Laga fuglebrett
Aktivitetar for
barn er det mange av under Jakt, fiske og turdagane i
Skånevik.
Her får Amalie Underbakke frå Sand
hjelp til å lage fuglebrett av Aksel Tvedt.
Les meir i papiravisa |
|
|
28.
- 30. april 2006:Messa i 2006 hadde eit breitt spekter
av utstillarar, aktivitetar og foredrag. Her er noko av det du kunne få
med deg:
|
|

Fredagskvelden var det "Du skal høyra mykje"-kveld med humorist
Nils Lyngnes. Det var i tillegg mat, servering og mannekeng.
|

TV-Haugaland kokken Kjartan Kjetland laga freistande smaksprøvar
på laurdagen.
|
|

På uteområdet var det mogleg for borna å ri.
|

Og innandørs vart klatreveggen flittig brukt.
|
|
 |
 |
| Også i år vart
det fart på fuglekassane som borna kunne spikra sjølv. |
|

Herr og fru Villmark 2006: Gunbjørg Ljosnes
og Ole Nervik
|

Norske Redningshundar hadde stand og
oppvising.
|
|
Badeøya Peparen vart for helga omgjort til sjørøvarøy, og dei
aller yngste piratane fekk prøva seg på pirattest, hjelpa
Kaptein Skånevik med jakten på "Den gyldne peparkvedn" og grilla
pølser. Att og fram til messeområdet gjekk Sjørøvarekspressen. |
|
 |
 |
|
 |
 |
- Redaktøren i bladet Villmarksliv Dag
Kjelsaas var med på messa. Han heldt blant anna foredrag om
snikjakt og snikfiske.
- Roy Mangersnes hadde bileteframsyning
frå reise i Alaska.
- Alf Ole Bull Tornøe viste bilete frå
safari i Afrika.
- Etne Videoklubb hadde to flotte
filmar som dei viste, hjortefilm og "Glimt frå sjøkanten".
- På lørdagen demonstrerte Reidar
Leknes, Njål Dyrrdal og båtbyggjar Harald Dalland
båtbyggjing på uteområdet.
- NRK Hordaland si føremiddagssending
sendte direkte frå messa fredag føremiddag.
- Messeavisa som vert produsert av
Grannar kom ut i eit opplag på 25.000.
- Ei mengd utstillarar både ute og
inne. Presentasjon av dei finn du
her.


Haugesunds Avis
(02.05.06)
Både små og store fekk prøva jaktlukka
denne helga. Medan far og mor gjekk på jakt etter informasjon og
røvarkjøp, leita borna etter ein ekte gullskatt på sjørøvarøya.
Sundag morgon jakta fleire av utstillarane på telta sine, dei hadde
blåse bort i morgontimane. Villmarksmessa i Skånevik fekk ein luftig
avslutning(....)
Handelsbodene lokka med gode tilbud og mange let seg friste. Våpen,
fiskeutstyr, gardsmat, båtar og klede. Her var det berre å slå til.
(...)
-Eg og mannen min er svært glad i å fiske, og ei slik messe som dette er
veldig interessant. Med ulke foredrag og masse moro for ungane. Her er
det så rolig og fint, og slett ikkje kjøpepress, seier Kirsten Eskevik
som saman med mannen Jan har kombinert Jakt, fiske og turdagar med
avslappande hotellopphald ved Skånevik Fjordhotell. Eit opphold dei
skryt svært av. (Henta frå papirutgåva)
Grannar
(28.04.06)
I fjor var nærare 2.000
publikummarar innom Jakt, fiske og turdagane i Skånevik. Komiteen vonar
på minst like mange gjester i år. — Det byrjar å kome seg no. Det
meste av grovarbeidet er ferdig, så no står berre finpussen att, seier
leiar for Jakt, fiske og turdagane, Turid Straumsøy.
Les
meir i Grannar
Grannar
(10.04.06)
Jakt, fiske og turdagane har eiga messeavis. Last ned messeavisa frå
Grannar sine Internettsider.
Grannar
(27.03.06)
Jakt, fiske og turdagane i Skånevik er i rute og går dette året
av stabelen 28. – 30. april. Det aller meste av programmet og opplegget
er no klart. Ei reise frå fjord til høgfjell gjennom film og
bilete med naturfotograf Ole Jakob Vorraa blir truleg eitt av
høgdepunkta under messedagane.
Les meir
Pressemelding
(23.03.06)
Villmarksmessa i Skånevik nermar seg.
Dag Kjelsaas,
redaktør i bladet Villmarksliv opnar årets Jakt,-Fiske og Turdagar i
Skånevik 28. til 30 april. Han vil og fortelje om spennande snikjakt,
som ikkje må forvekslast med ulovleg jakt. Han dreg og like godt til med
eit føredrag om snikfiske, kunsten å lura seg innpå storfisken for få
han på kroken i staden for å skremma maten vekk. Med hans lange erfaring
som naturfotograf og villmann med lokalkunnskap frå heile landet, vil
det bli spennande og interessant å høyra hans betraktningar i
temagarasjen lørdag og søndag.
På
messedagane vert det lodda ut et hjorteløyve, 4 årsabonement på bladet
Villmarksliv m.m. Villmarksmessa tilbyr og i år eit mangfald innan
aktiviteter, informasjon, video, lysbildeføredrag, friluftsutstyr, båtar,
bilar med meir.
Informerande
flygeblad om messa er alt i omløp, plakatar kjem snart og messeavisa med
et opplag på nærare 25.000 eksemplar går snart i trykken. Arrangørgruppa
er i høggir for tida med planlegging og ser fram til for 3. gang å
presentere ei Villmarkshelg du berre må få med deg!
|
8. -
10. april 2005:
| Messa i 2005 hadde eit breitt spekter
av utstillarar, aktivitetar og foredrag. Her er noko av det du kunne få
med deg: |
|

Alf Lea hadde med seg eit mobilt
basseng som både små og store dykkarar fekk prøva seg i.
|
|
 |
 |
|
Alle barn fekk spikra seg sin eigen
fuglekasse.
|
|

|

|
|

Hardanger Opplevelser og Skånevik
Naturoppleving hadde pil og bogeskyting i eigen villmarksleir.
|
|
 |
 |
|
Fredagskvelden var det "Du skal høyre mykje"
og manekengoppvising.
|
Sølvkroken arrangerte
konkurranse i kasting med stang for barn. |
| |
|
-
Vidar Lunde viste lysbilder i
Temagarasjen om emne som "Det brølar i hjortelia" og "Fiskesommar"
-
Leiar i foreninga Jeger og
Fangsmann, John S. Opdahl, hadde stand, foredrag og lokkekurs.
-
Etne Videoklubb viste flotte
naturfilmar for heile familien.
-
Leiaren for prosjektet med
GPS-merking av hjort, Barbara Zimmermann var i Temagarasjen og
fortalde om resultatet.
-
Guida fjellturar til Hålandshovda
og Leknesnepo.

Grannar
(12.04.05)
Jakt, fiske og turdagane i Skånevik vart ein stor
suksess. Folk frå fjern og nær valfarta til bygda, og tilbakemeldingane
om messa var utelukkande positive. — Her likar me oss! Dette er
ein super stad for familiar. Ungane har det minst like kjekt som oss
vaksne. Arrangørane har verkeleg treft spikaren på hovudet. Det er mykje
meir å sjå og oppleve enn det eg forventa, og informasjonen til
besøkjande er svært god.
Les
meir
Haugesunds
Avis
(11.04.05)
Les
meir

Haugesunds Avis
(09.04.05)
Les
meir
Grannar
(01.04.05)
Jakt, fiske og turdagane har eiga messeavis. Last ned messeavisa frå
Grannar sine Internettsider.
Skånevik nett (31.01.05)
Arbeidet med denne einaste
Villmarksmessa mellom Bergen og Kristiansand er inne i ein aktiv
periode. Komiteen på 8 har tidt møteaktivitet og mailen er til tider
ganske heit. Noko vert som i fjor inne, men me har i
tillegg fått nye og spennade utstillarar. Uteområde vert litt
større og synligare, det har me god plass til. Nytt og spennande vert
det ute når Alf Lea frå Haugesund vil komma inn med eit mobilt basseng
med muligheten til prøvedykking og informasjonstand.
Les
meir
26. - 28. mars 2004:
Leif
Arne Løvereide 29.03.04
Jakt-,fiske-
og turdagane trygt i hamn!
Søndagen
vart og ein fin villmarksmessedag i Skånevik. Gode
tilbakemeldingar frå gjestene, som storkosa seg og vil komme
tilbake på messa om et år.
Mange
utstillerar selde mykje meir enn forventa, og har sagt seg
interesserte i å vere med neste vår. Og arrangøren som fekk
godt økonomisk overskot på messa, og et besøkstall på ca.1700,
arbeidar nå med nedrigging og evaluering.
Det
har vore kjekt å lage til villmarksmesse. Stor takk til alle som
har delteke med flott innsats som frivillige. Vaffelsteikjerane skøyar
med at dei har steikt opp kvoten for i år.
Stor
takk og til alle utstillerane og et strålande publikum!
Sjå også artikkel
i Haugesunds Avis og Grannar.
Leif
Arne Løvereide 27.03.04
Suksess
Første
dagen med Jakt, Fiske og Turdagane i Skånevik vart ein skikkeleg
suksess!
Ein jamn straum av trivelege gjester heile dagen. Utstillerane har
solgt godt, og ”Temagarasjen” har vore godt besøkt, også på
ekstravisningane av hjortefilmen frå Nervik.
Aktivitetene
ute, med hestekjøyring, perlegraving, flugekasting,
miniatyrskyting, fiskekonkuranse for barn og guida fjelltur vart
og vellukka. Ca.850 betalande første dagen, er arrangørane
serdeles fornøgde med!
Søndag
er opningstida 10oo til 17oo,
og butikkane i sentrum har ope frå 14oo til 17oo.
Gokartbanen
er open, demo i flugekasting, miniatyrskyting, ekstra guida fjelltur ca. kl 11oo (kontakt informasjonen om du vil
vera med), ny fiskekonkuranse for barn, trekking av Fjellduk fra
Jerven as og hjorteløyve på bilettene/programmet, fisketur m båt,
hjortefilm og info fra Statens Naturforvaltning i
”Temagarasjen”. Det blir og meir tips om lydighet for hund, og
ei økt til med perlegraving m.m.
Kafeen
i 2. etage på idrettshallen er rommeleg, og har godt utvalg med
mat.
Utstillerane
fyller på med nye messetilbud og nyheter, så et besøk på
villmarksmessa i Skånevik søndag er verkeleg å anbefale !

Leif
Arne Løvereide 27.03.04
Jakt-,
fiske og turdagane i gang
Fredagskvelden
vart Skånevik Idrettshall invadert av særdeles fornøgde utstillarar.
Arrangementskomiten kosa
seg med gode tilbakemeldingar frå utstillarane, og at utstillarane
har laga imponerande godt standinnhold. Vellukka
kåserikveld med Magnar Reigstad i Kafeen, der han også
installerte ein av sine utstoppa moskusoksar!
Messedagane
lørdag og søndag bør alle som har anledning, få med seg.
Her er det noko spennande for einkvar smak, både inne i hallen,
og aktiviteter ute for alle aldrar. Dette
er moro! Åpningstider
villmarksmessa lørdag og søndag er 10oo – 17oo.
Butikkane har og ope
10oo-17oo lørdag, og 14oo-17oo på søndag.

Frå
Haugesunds Avis 22.03.04
Slett ingen vill ide
Jørgen Eljervik
lanserte eit luftig forslag i fjor sommar. Nå er Skånevik klar
og ventar storinnrykk frå naturelskarar av alle slag.
– Dette blir Sørvestlandets første villmarksmesse, og me er
ikkje så lite spente. Potensialet bør vera stort, seier idémakaren.
Saman med Turid Straumsøy og andre gode støttespelarar i bygda
har Jørgen Eljervik jobba på spreng denne vinteren. Rundt 40
utstillarar og eit variert program vil syta for å skapa ei messe
med mangfald.
Jakt, fiske og tur
– Det er ikkje berre dei jakt- og fiskeinteresserte me rettar
oss mot. Tur og friluftsliv blir ein viktig del av arrangementet,
som går av stabelen siste helga i mars, presiserer Turid Straumsøy.
Les
meir i Haugesunds Avis.
og i Grannar.
Frå
Skånevikprosjektet 07.03.04
Jakt-,
fiske og turdagane i medvind
!
Det
haglar med gode meldingar m.h.t. Jakt-, fiske- og turdagane i Skånevik.
Udmund Kjell har trylla fram et hjorteløyve
som blir trekt på inngangsbilletten til villmarksmessa! Det
blir trekt blant alle bilettane som blir solgt på messa. Så ta
vare på biletten. Dersom du vinn løyvet, og ikkje er jeger kan
du ev. avtale å bli med på jaktopplevelsen i lag med ein annan
jeger. Dette må avtalast med givar etter trekning.
Lørdag
blir det og trekt ein
fiskesak frå Sølvkroken as på billettane. I
tillegg har Jerven as i Odda spandert ein Fjellduk,
som og vert trekt på biletten på søndag.
Utstillerane
er i full gang med forberedelsene, og ser fram til spennande dagar
i Skånevik. Messeleiar Turid Straumsøy melder om godt samarbeid
med utstilerane, og at deira engasjement gjer det ekstra
interessant å stå på for å få til eit godt arrangement.
Det kjem også inn signaler om at friluftsinteresserte folk kjem
frå eit vidt distrikt for å oppleva villmarksmessa i Skånevik.
Gruppa som produserer skillevegger har lagt ned masse arbeid og er
nå klare med 74 veggmodular. Det har blitt mulig p.g.a. ein
glimrande velvilje og innsats frå Tungesvik Bygg, Knudsen Dørfabrikk
v.Eivind Knudsen og SMV.
Terje
Karlsen, som frå Sølvkroken as, som hadde et vellukka kastekurs
for fluestang i Skånevik Idrettshall i febr., er for tida i
Skottland på kurs hos verdens beste fluefiskar Andy Murry.
Karlsen
er glad han slepp å betale for fiskehølen han skal fiske i, for
normal døgnpris skal vere mellom 35.ooo,-kr og 50.ooo,- kr. Me håpar
han får anledning til å vise litt skottske kastekunster på
messedagane.
Utstillarstandane
inne er fullbooka, på utsida blir det 3 lavoar, ein salgsbil og
et stort turtelt. Dette blir bra !
Messegruppa
vil retta stor takk til sponsorane som er med og støttar økonomisk:
Skånevik Fjordhotel, Sunnhordland Mekaniske Verksted, Skånevik
Ølen Kraftlag, Tungesvik Bygg, Johansen Rør, Alfee klesbutikk,
Sper Cristophersen, Skånevikprosjektet, Toralf og Per Sævareid,
Skånevik Blomster og Gaver, Perlo Souvenir, Fjordkroa, Krambua,
Skånevikstrand Maskinstasjon, etne Øl og Mineralvannutsalg,
Vertshuset kronstad, Ove Eriksen Transport, Olav Tjeldflåt og Duo
Frisør.
Til toppen
|